KRAFTSENTRUM FOR KREATIV NÆRING

Kraftverk Tingvoll DA ser fram til å byggja opp eit lokale for næring i den gamle kraftstasjonen på Rimstad. Rimstad kraftstasjon vennelag er ansvarlege for restaureringa av kraftstasjonen, medan Kraftverk Tingvoll DA skal fylla kraftstasjonen med nytt liv. Målet er å skapa eit kraftsentrum for kreativ næring, kultur og kompetanseutveksling.  

Kraftverk har gjennomført eit forprosjekt med overskrifta Rom for næring, med støtte frå Tingvoll kommunes næringsfond. I dette prosjektet har me undersøkt korleis me kan leggja lokala til rette for fleire nivå med aktivitetar:   

  • Møteplass for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar
  • Tilgjengelege og tiltalande møterom
  • Kompetanseutveksling og kurs
  • Lokale for kultur
  • Fasilitetar for matopplevingar
  • Kunstnaropphald for t.d. forfattarar og filmprodusentar
  • Framtidsretta tilbod for ungdom