Kvar møtest me eigentleg på bygda? På butikken, i farta gjennom barnehageporten, på basar, i skogen bakom grendahuset?
Det var ein gong ei jente og ein gut, som budde på kvar si side av ei elv. Tvers over og på båe sider av elveløpet, låg ein ullvarefabrikk. I ein av dei tre fabrikkgardane på den eine sida av elva og fabrikken, hadde far til guten funne bustad til familien. På den andre sida, tett attmed der elva vart omdanna til kraft før ho rann vidare mot fjorden, budde jenta med far sin og mor si, og sikkert nokre sysken. Alle hadde mange sysken på denne tida. Ein trong ikkje gå langt for å finna nokon å leika med. I grunnen trong ein ikkje gå lenger enn over tunet, eller ut på vegen, så kom det andre ungar rennande. Bygda var full av slike smågrender, og sjølv om ungane gjekk på same skule, var det ungane i grenda dei heldt seg med når dei kom heim.
Det skulle gå år før jenta ved fabrikken og guten ved vatnet kom i snakk med kvarandre, ja, før dei verkeleg møttest. Ikkje før guten bikka tjue og fekk seg arbeid på nettopp fabrikken der lenger nede, trefte han jenta som no også arbeidde der. Men dei fann kvarandre, fekk sagt det dei trong attom nova der ved elva, og jammen er dei gifte den dag i dag.
Det byrja så enkelt. Eg skulle skriva om møteplassar. Stader å vera sosial ilag med andre som ikkje er på ei tilstelning frå då til då, i form av eit styremøte, på eit pliktskuldig fellesarrangement, eller på butikken. Det er grenser for kor lenge ein kan stå og snakka ilag over handlevogna, med hjernen fylt av anger over at ein aldri greier å setja opp vekesmenyar, middagssvoltne ungar i sidesynet og med ei lengt etter vaksenkontakt utan avbrytingar.
Så kom koronaen. Og alle slags møteplassar vart stengde på uviss tid. Ja, de kjenner jo til det. Ingen konsertar, ingen kulturarrangement, og etterkvart ingen møte heller. Men det tok ikkje lang tid før nye møteplassar dukka opp. På nettet. Berre eit døger etter at restriksjonane vart innførde, var eg på jazzkonsert saman med 1500 andre, i mi eiga stove! Etterkvart dukka det opp virtuell vinsmaking, gruppeseminar om økonomi og forretningsdrift, tilbod om videosamtalar for den som kjenner seg engsteleg og einsam, digitale galleri, diktopplesingar og høgtlesing for born. I chattane under livestraumane møter eg kjentfolk og kjendisar, og les vittige kommentarar frå folk eg ikkje kjenner, alle saman saman. Heilt strålande.
Men det er nokre svake punkt ved desse digitale møteplassane. Dei gjev lite reell miljøforandring. Når du skrur av skjermen er du framleis i di eiga stove, med litt meir rot enn vanleg rundt deg (med mindre du er av den typen som nyt å ta vaskinga og ryddinga til nye høgder når du har ekstra tid i heimen), og utan andre å gå på nachspiel med enn deg sjølv (og ein eventuell partnar som sovna i sofaen klokka åtte).
Historia i starten av teksten er faktisk henta frå det verkelege livet, med nokre litterære fridommar. På 1950-talet var bygda eg bur i ei anna. Der den urbane sjela i meg tolka forteljinga som at folk hata kvarandre, var røynda den at det var så mange folk her at ein ikkje trong verta kjend med alle. Etter endt arbeidsdag hadde dei vaksne sine faste som dei gjekk innom for å ta ein kopp kaffi og prata seg gjennom alt som hadde skjedd den dagen. Det var eit vell av butikkar og utsal med det meste – ja, Hans Hyldbakk har omtala Tingvoll som å koma til byen i boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» (1951). I dag er det nokre få butikkar att, og kafé og hotell som dei siste åra har skifta drivarar oftare enn ein skiftar truser (om du skiftar sjeldnare i heimekarantene skal ikkje eg leggja meg opp i, men då treng du ikkje bruka det som mal). I dag er smågrendene vekke, sidevegen forbi fabrikken er for trafikkert til å leika på, og me vaksne møtest berre på dei nemnde stadane og i fylla på fjerdedagsfest.
Kva har rammene rundt oss å seia for korleis lokalsamfunnet fungerer? Har me møteplassar ute, som ikkje inneber å ta på seg friskusmaska og traska i veg? Ein stad å stogga, setja seg ned litt, der det skjer noko, det er andre folk der. Du snakkar kanskje med nokon du aldri ville fått høve til å snakka med, dersom du berre sette deg i bilen att så fort du var ferdig med det du måtte. Og kvar er staden med det lune lyset, der ein kan møtast innandørs til odde tider, prata, få brynt seg på noko i fellesskap, men kan henda utan å verta så full at ein ikkje kan sjå naboen i auga etterpå? Kvar skal ein gå om ein kjenner seg litt einsam og lurar på om det er nokon folk ute, men ein har ikkje nokon bestemt ein vil ringja? Er det attom nova me må møtast?
Kan henda har me kimar til fleire slike arenaer enn me trur. Eg gler meg til å møta dykk der når desse innestengde dagane er over.