Eg hadde tenkt å kalla denne spalta «Kjærleik og død», etter det vakre og vemodige Tor Jonsson-diktet «Fattig ynskje»:
Var eg ein Gud
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.
Var eg ein Gud
ville eg skapa
Kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
(Frå Ei dagbok for mitt hjarte, 1951)
Men død er så deprimerande greier. Difor valde eg brød i staden. Og brød er slettes ikkje dumt, trass i at uttrykket seier så. Utan å strekkja seg særleg langt, kan ein vel sjå på kjærleik og brød som essensielle ingrediensar i livet. Kjærleiken finst i så mange former, men me treng ikkje gjera det så komplisert: Det er kjærleik i det vakre, i ein blome, liv og undring. Eller kan henda ein elskar noko som andre synest er rakkel, gamle hus, sjel, historisk sus. Kjærleik er det, likefullt. Kjærleik vart dessutan kåra til Noregs vakraste ord i 2004, så eg håpar å surfa på reklamesmitteeffekten, dersom folk hugsar så langt attende.
Kan me slå fast at både kjærleik og brød er kjelder til energi og påfyll? Brød er då òg rett og slett mat. Eg satsar på at trenden med skikkeleg bakst held seg og gjerne esar ut. Jadå, me kan putla på med den der surdeigsstartaren heime, starta han på nytt og på nytt, og til slutt så vert det då ein deig som kan steikjast. Men det er noko eige med brød som er knadde med røynd kjærleik. (Var du ein av dei som las inn ei dobbel tyding i den siste setninga, så er kan henda ikkje bakst noko for deg, men du har sikkert andre kvalitetar.) (No er det forresten sikkert nokon som vert fornærma der ute, og eg meiner heilt klårt at det finst mange dyktige heimebakarar. Men i ei spalte som dette snakkar eg jo om meg sjølv, og eg bakar minst mogleg.) Det er generelt særs mykje god mat å få servert, både for gourmetar og gourmandar. Eg går som oftast inn på ein restaurant med høge forventingar. (Om restauranten verkar dårleg går eg jo ikkje inn…) Men ein får ho’n pitle[1]meg servert mykje elendig mat òg, særleg etter vegane! No er ikkje dette ei matspalte, så nett det får nokon andre ta seg av. Likevel nyttar eg høvet til å bruka det som overgang til eit presserande poeng: Vegen er kort frå kjærleik til hat.
Og då er me inne på noko med meir djupn: Alle desse små bygdene, tettstadane, byane der me bur. Me bur her fordi me elskar plassen – eller kan henda tenkjer du straks «ikkje pokker om det er grunnen til at eg bur her!» Då er du kanskje i ein «dritlei periode», for å bruka ein fagleg term. Det er lov, det. Ein kan ikkje vera oppesen heile tida. Eg vil likevel oppmoda deg om å tenkja på kvifor du er lei. Nokså ofte må ein sjølv skapa dei tilboda ein saknar. Og det kan ein jo verta lei nok av. Men det kan vera fint òg. Å skapa noko som ein deler med andre, på nett den måten som berre akkurat du kan skapa det, på akkurat denne plassen her. For meg handlar kjærleik og brød om kva me vil med desse små samfunna me lever i og kva me treng for å trivast.
Eg er så elendig på å presentera meg sjølv, men eg har sansen for det ryddige i å gjera det. Så, til slutt, slik for ordens skuld sidan dette er fyrste spalta: Eg vart fødd ei januarnatt på starten av åttitalet, akkurat fem minutt over midnatt, og sidan har eg kome fem minutt for seint til det meste. Eg er frå Nordhordland, men lurar litt på om eg framleis er det, no når me alle er vortne vestlendingar og heimkommunen min er slegen saman med to naboar. Det vert sikkert fint – strilar er eit folkeslag som likar å trivast ilag, då med ein naustlengdes avstand, og me kan vera nokså morosame når me fyrst opnar kjeften. No bur eg på Tingvoll på sjuande året, og er ein av to gründerar bak bygdeutviklingsverksemda Kraftverk. Andre stikkord er skodespel, skrivekunst, kulturskule og kommunestyre. Men nok om meg.
Som eg-et i Tor Jonsson-diktet er ikkje eg heller nokon gud. Men eg har trua på kommunikasjon. Og det å ha ei spalte i avisa er éin måte å nå andre på. I vår tid treng det heller ikkje vera einvegskommunikasjon. Eg har òg trua på poesien. Alle dei ulånte biblioteksbøkene under «Lyrikk» burde ha store sjansar for å verta snappa ut av hyllene no for tida. Kjappe, små tekstar som fortel ALT i nokre få liner. Gjennomtenkte sms-ar til mottakarar ein kan henda aldri får møtt. Til deg. Og du er ikkje den same frå lesnad til lesnad.
Ha ein god februar – og hugs: «Det er betre å ta fatt enn å vera tafatt» (Erfaringsbasert visdomsord med ukjend opphav).
[1] Eit strilauttrykk som eg ikkje heilt veit kva tyder, men det er ei snikande slagkraft i det, og levande menneske treng kraftuttrykk, så det får de berre tola.